
Frå ein dugnadsdag i juni 2014. Alle generasjonar er med.
FATLAND VEL
FATLAND VEL er velforeininga for innbyggjarane på Fatland. Den vart skipa og registrert i 2014, men først ved inngangen til 2020 vart det skikkeleg fart i sakene.
Føremålet med FATLAND VEL er å jobba fram fellestiltak på Fatland, til beste for både lokale innbyggjarar og folk elles i området. Grunneigar har prøvt å leggja til rette for dette, ved å stilla areal og materialar til disposisjon, og å ta kostnaden med å opparbeida infrastruktur.
Leiar er Kjell Rune Asmervik. FATLAND VEL er aktive på Facebook. Følg med der! Sjå direktelink nedanfor.
FATLAND VEL er også aktivt med på å opparbeida turstiar og andre objekt i FATLANDSKOGEN. Sjå eiga side om dette konseptet her.
29.10.2022
KVA SKJER?
I 2021 var det opparbeiding av fellesområdet nede ved hovudvegen som stod på agendaen.
I 2022 har det i tillegg vore full fres med å laga ballbinge på arealet ovanfor Gilo. Dessutan er det starta opp arbeid med eit langbord med tak over, nede på fellesområdet. Ei samlingsplass som kan brukast under alle slags vêr og og føreforhold altså.
Nedanfor kan du sjå nokre klipp frå arbeidet som er gjort så langt.
29.10.2022

Mars 2021 - Fellesområdet - Oppstart - Øyvind med gravemaskin og traktor

Mars 2021 - Fellesområdet - Oppstart - Inspeksjon

Oktober 2021 - Ballbingetomta - Dugnad

Oktober 2021 - Ballbingetomta - Dugnad

April 2022 - Fellesområdet

April 2022 - Fellesområdet

April 2022 - Fellesområdet

September 2022 - Ballbingen dugnad.

September 2022 - Ballbingen dugnad.

September 2022 - Ballbingen dugnad.
