GRENDAHUSET PÅ FATLAND
Det som ein gong var bygt som ungdomshus for frilynde aktivitetar, er i dag eit hus for alle i bygda, og for dei fleste typar tilstellingar. Grendalaget har hatt ansvar for 17. mai og nokre andre aktivitetar, men først og fremst er det no eit hus som du kan leiga til dine eigne feiringar.
Huset er møblert for 80 personar til bords samstundes. Kjøken og skaffetøy er utstyrt for at du kan laga mat til så mange, og servera dei. 
Bilda nedanfor gir eit visst inntrykk av kva huset kan brukast til. Dette er frå eit søskenbarntreff i 2009, med søskenbarn rundt om i landet og utlandet, men der ein av foreldra kjem frå garden Arnevik.
Ansikta på bilda er retusjerte, for at personane ikkje skal kunna identifiserast.
LENKER TIL ANNA STOFF OM GRENDALAGET
Artikkel i Kvinnheringen (betalingsmur) finn du her.
Back to Top