Frå me var ganske små har me som er fødde og oppvaksne på Fatland brukt mykje tid i skogen. Det starta gjerne med å leika cowboy og indianar, seinare med orienteringsløp og turgåing, etter kvart fekk somme skogbruk som leveveg, medan andre berre var på bær-  og sopplukking om hausten. 
Det var før. Og slik er det nok langt på veg framleis.
FATLANDSKOGEN - EIT ULTRALOKALT ELDORADO
FATLANDSKOGEN er namnet på eit aktivitetsområde som ligg berre fem minutts gange innover frå bustadfeltet på Fatland. 
Ro og fred finn du i denne nydelege skogen, trass i at over 10 000 menneske er innom her årleg. For å trimma, rusla, grilla, eta, granska, læra, oppleva. Og kanskje prøva nokre av aktivitetane som finst her.
Du kan lesa mykje meir ved å opna FATLANDSKOGEN si eiga heimeside, www.fatlandskogen.no. Det gjer du ved å klikka knappen nedanfor.
GULLHAUG - EIT SYN FOR GUDAR
I nær tilknyting til FATLANDSKOGEN finn du det vakre utsiktspunktet GULLHAUG. Her er det fin hage om sommaren, med eige kapell. Det blir arrangert konsertar og andre typar arrangement. Sjå meir på GULLHAUG si eiga nettside ved å klikka på knappen.
Back to Top