Grendeskulane blir slått saman til større einingar, ein for ein. Det er store føremoner med dette, men òg nokre ulemper. 
Ei av ulempene er ofte at det gamle skulebygget blir ståande, meir og mindre som eit forfalle minne om ei forgangen tid, utan noko som helst innhald. 
Så er ikkje tilfelle på Fatland, her er det delar av veka eit yrande liv i det gamle skulehuset.
FATLAND AKTIVITETSHUS, som blir drive av Kvinnherad kommune, held til i gamle Fatland skule. På heimesida si skriv dei:
"Fatland aktivitetshus er ein sosial møteplass i kvardagen der vi samlast til aktivitetar, felles måltid og sosialt samvere. Det er eit tilbod til vaksne personar i alle aldrar som av ulike årsakar ynskjer å delta i fellesskapet vårt. Vi har alle noko å bidra med. Av aktivitetar har vi mellom anna turgruppe med ulik lågterskel friluftsaktivitet, snekkarverkstad, handarbeid og hobbyaktivitet. Opningstid onsdag og torsdag kl 9 - 15."
Dei har altså ei turgruppe, som har organisert seg under namnet HAUG&HAMMER. Gruppa går turar om torsdagen, gjerne i FATLANDSKOGEN eller ein annan stad i nærmiljøet.
Nettsida til FATLAND AKTIVITETSHUS finn du her.
05.02.2024
GENERELT OM KOMMUNEN SINE DAGAKTIVITETSTILBOD
Kommunen har formulert denne teksten om alle møteplassane sine (Fatland aktivitetshus, Møteplassen Aksen og Vangstova aktivitetshus):
"Dagaktivitetstilboda har som målsetnad å vere sosiale møteplassar med fokus på fysisk aktivitet, friluftsliv, kultur og hobbyaktivitetar, for vaksne personar som treng eit sosialt fellesskap. Dette er folk flest med utfordringar som til dømes lite sosialt nettverk, somatisk sjukdom som gjer at ein isolerer seg, personar som treng eit trygt og stabilt miljø, personar med endring i livssituasjon eller helse, arbeidsledige og sjukmelde, for å nemne noko. Her er vi alle i lag utan å ha fokus på diagnosar eller utfordringar."
05.02.2024
AKTIVITETANE
Nedanfor har me samla eit knippe bilde som viser litt av det dei driv med på FATLAND AKTIVITETSHUS. Nokre av bilda er henta frå kommunen si heimeside for FATLAND AKTIVITETSHUS, etter løyve. 
Sløyd nede i kjellaren, handarbeid oppe i stovene, og turar ute i skog og mark. Det er hovudaktivitetane for desse ganske ivrige menneska. Og for ikkje å gløyma lunsj, prat og kaffikos når klokka er inne til det.
​​​​​​​11.02.2024
Oppe i stovene:
Nede i kjellaren:
Ute i friluft:
Back to Top