BYGDA UTAN NAMN
«Den namnlause, men ikkje unemnelege, bygda» kan me kanskje seia om denne bygda som me lengst sør på Halsnøy bur i. Truleg den einaste bygda i landet utan eit offisielt namn.
 Lokalt seier me gjerne berre «her på strondo» når me meiner «her i bygda». Fordi dei fire gardane Arnevik, Fatland, Kjeka og Sydnes ligg langsetter Sydnessundet. Desse gardane utgjer til saman bygda.
Men me legg trykket på «her» og ikkje på «strondo», så sjølv om mange bruker «Strondo» som eit slengnamn, kan det ikkje reknast som offisielt namn på bygda. Det er ikkje registrert nokon stader.
Arnavik er postadressa, men sidan både butikken, postkontoret og dampskipskaien som var her, alle er nedlagde, er ikkje dette heller eit eigna namn i dag.
Fatland har så lenge eg kan hugsa vore namnet på skulekrinsen og valkrinsen, dessutan ligg grendahuset her. Sidan den nedlagde skulen no likevel huser det fullt oppegåande Fatland aktivitetshus, og dei dessutan fekk ei storslått oppgradering av huset sitt i 2014, og for ikkje å gløyma arbeidsmiljøpris, kan dette vera eit aktuelt namn.
Sydnesstranda har òg vore brukt, men mest som namn på misjonsforeiningar før i tida. Telegrafen låg òg på Sydnes, eller Sundnes som var skrivemåten i telegraf-bransjen. Og på Sydnes ligg ferjekaien i dag.
Folk som bur nord på øya, kallar gjerne bygda vår for Kjeka, fordi det var folk frå Kjeka-garden som hadde flytta nordover, og som slik spreidde namnet frå garden dei sjølve kom frå.
Så dersom ein skulle velja eitt av gardsnamna som namn på heile bygda, så finst det gode grunnar for alle fire.
Men på Fatland bur det mest folk, rundt halvparten, pluss at det finst byggefelt der fleire kan bu. Og det skjer ein del andre ting her. Det er difor ikkje unaturleg å bruka Fatland som namn på bygda, noko som ofte blir gjort.
Noko offisielt namn derimot, det finst altså ikkje i dag.
Denne nettsida (www.fatland.info) dreiar seg først og fremst om det som skjer på garden Fatland. Men i den grad det er naturleg tek me óg med ein del info om dei andre tre gardane i bygda. Me er trass alt éi bygd!
EVENTYRBYGDA
Kvifor kallar me Fatland for eventyrbygda?
For oss som bur her, er det berre eit naturleg uttrykk. Likeeins for mange gjester, som opplever det som eventyrleg å komma hit. Noko folk gjer oftare og oftare.
At Eikhild, som du ser på bildet til høgre, er den som ønskjer deg velkommen, er berre eit lite hint om kva du har i vente.
Ein amerikanar som var her for mange år sidan sa at han hadde aldri nokon gong i heile verda opplevd ein vakrare stad enn Fatland. Han hadde høyrt om ei stillehavsøy som han trudde kanskje var like vakker, men for han sjølv var Fatland paradiset.
Og på sagaøya i vest, den me kallar Island, bur det ein heil skokk som har opphavet sitt frå Fatland. Dei kallar Fatland for Himnaríki, og for dei òg er dette staden der dei berre tilbringa nokre veker kvar einaste sommar.
Nyleg høyrde me forresten at nokon som har budd ved ein av Norges mest spektakulære turistattraksjonar fortalde at det er endå vakrare på Fatland.
Me kunne sjølvsagt halde fram med å ramsa opp skryt over Fatland, men vil heller avrunda med å seia at det er utruleg mange vakre stader her i Kvinnherad. Fatland er éin av dei.
Men at me finn på saker og ting her på Fatland, som gjerne kan minna om eventyr, er noko mange har vore med på. Klikk på knappen nedanfor, så får du sjå eit pittelite utval av slike seansar.
KART
Ein presentasjon av bygda vår er ikkje komplett utan eit kart som viser kor i vide verda denne bygda faktisk finst. Nedanfor ser du eit kart over Halsnøy og Fjelbergøyane, og der finn du Fatland, så vel som nabogardane Arnevik, Kjeka og Sydnes. Desse fire gardane utgjer altså bygda vår.
Back to Top