FATLAND BUSTADFELT må vel vera eitt av dei vakraste felta i distriktet. Solrike tomter, og lett tilgang til det meste ein treng på landsbygda. Kanskje er det òg det mest praktiske feltet du har sett?
Du kan kjøpa tomt og byggja sjølv. Eller me kan byggja eit nøkkelferdig hus til deg, etter kontrakt, til svært god pris. Det kan faktisk bli ganske rimeleg viss du tar på deg å gjera ein del av arbeidet sjølv.
I desse dagar planlegg me å byggja 4-5 mindre einebustader, med universell utforming. Klikk på knappen for å lesa om desse.
21.10.2025

Utsikta er fenomenal frå GULLHAUG, over bygda, fjorden og solnedgangen. Du kjem deg faktisk  heilt opp hit nær toppen med elektrisk rullestol. GULLHAUG ligg like ved bustadfeltet.

OM FATLAND BUSTADFELT
Feltet vart regulert og godkjent i 2011, med små endringar året etter. Det er dels eit fortettingsfelt, men òg med utviding utanfor eksisterande bygnad.
Feltet blir vurdert selt til eit firma som står for vidare utbygging, sidan eigar er 77 år gammal. Feltet har gnr/bnr 206/85, og det kan seljast fritt. 
Er du ein interessert kjøpar? Ta i så fall kontakt med Arne Gjerde, på epost ARNE.GJERDE@OUTLOOK.COM eller telefon 938 17 200.
Er du aldri så lite usikker på om dette er noko for deg? I så fall så lastar du ned salsprospektet ved å klikka knappen nedanfor.
19.10.2025
KOM TIL EVENTYRBYGDA
Det er mange gode grunnar til at FATLAND BUSTADFELT nett i desse tider bør vera attraktivt, både for utbyggjar og tomtekjøpar. 
At koronaperioden gjorde sitt til at mange meir enn før kan føla seg innestengde i bustader som ligg i tettbygd strøk, er ein ting. På Fatland er det god plass, og rikt utval av utandørsaktivitetar. 
At aktiviteten ved Hydro Husnes har auka mykje, er ein annan grunn. 
Den tredje grunnen er at det finst korkje kvikkleire, flaumfare eller rasfare på Fatland.
Fjerde grunnen er at byggebransjen er nede i ein dal for tida, derfor er det billegare å byggja. Når så ekspertane seier at om eitt til to år vil det vera skrikande mangel på bustader her i landet, burde det byggjast her snarast.
Og den femte, men langt frå siste, grunnen, er at dette feltet er eitt av få i Kvinnherad -  kanskje det einaste - som er klart for bygging. Du kan starta i morgon om du vil!
Eit sjette aspekt, som fleire i det siste har blitt opptatte av, er tryggleik og sjølvforsyning generelt . Det er sjølvsagt den urolege situasjonen i Europa som er årsak til dette, med krig, og med dyrtid og matmangel som følgje. 
På Fatland er det rikt høve til å dyrka ein del mat sjølv. Og skulle Putin venda seg mot landet vårt, så er det byar og tettstader som er utsette, neppe vesle Fatland.
19.10.2025

Opptil 200 gjester møter opp på GULLHAUGKONSERTANE sine svært populære arrangement.

Det koselege gapahuset, med namnet STRONDABU, vart opna laurdag 17. oktober 2025, med mykje god mat og lokal underhaldning. Her er folket i ferd med å samla seg, men etter kvart som det vart mørkare, vart det også koselegare. STRONDABU ligg midt i det store fellesområdet.

FELLESOMRÅDE OG AKTIVITETAR INNE I FELTET
Fellesområdet nedst i feltet har plen, gapahuset STRONDABU, bålpanne, puttegolfbane, leikeplass (reiler, sandkasse, mm), postkasse (inn/ut), gjesteparkering (ca 8 plassar), busstopp, miljøstasjon.
Leikeområde øvst i feltet har stor ballbinge med moderne kunstdekke, pluss liten sykkelbane. Gjesteparkering for 8-10 bilar. Det er plass til å utvikla meir her.
Barnehagetomt nord i feltet, regulert og tilrettelagt for å byggja barnehage. Viss ikkje det blir aktuelt, kan tomta omdisponerast til andre fellesopplegg.
21.10.2025
AKTIVITETAR LIKE VED FELTET
Innanfor ein avstand av ca 100 meter frå feltet finn du desse tilboda:
FATLANDSKOGEN aktivitetsområde. Her ligg NATURSTIEN med mange aktivitetar, pluss dei tre flotte skogsløypene FATLANDSVATNET RUNDT, HJARTESTIEN OG HJORTESTIEN. Sjå menyen øvst.
GULLHAUG med konsertar, events, og fantastisk 360 graders utsiktspunkt. Eige kapell. Planlagt gardsbutikk, hagerestaurant, utandørs selskapslokale, mm. Sjå menyen øvst, under FATLANDSKOGEN.
Fatland aktivitetshus, kommunalt opplegg for alle. Mange aktivitetar. Eiga turgruppe, med namnet Haug&Hammar. Sjå menyen øvst.
Grendahuset, inneheld alt du treng, inkludert fullt utstyrt kjøken, viss du sjølv vil stå for alt når du lagar eit selskap for inntil 80 personar. Sjå menyen øvst.

Elles i området utanfor feltet:
Arnavik båthamn, berre 750 meter frå feltet.
Sydnes ferjekai, berre 1400 meter frå feltet, med ferje og snøggbåt.
21.10.2025

Aktivitetshuset har mange ulike aktivitetar, både for damer og menn. Her er litt av utstillinga av eigne produkt til ein av deira kjempepopulære basarar.

I ei slik pitte lita bygd gjer ikkje kommunen særleg mykje av seg. Me må laga tilboda sjølve, men då er til gjengjeld gleda desto større over resultatet. Me er ganske stolte av å ha vår eigen kjempeflotte ballbinge, med verdas mest moderne kunstdekke. Finansiert og bygd av FATLAND VEL, med den aldri sovande Kjell Rune Asmervik som leiar. Generalgeneralen kallar me han gjerne.

LOKALE ORGANISASJONAR
FATLAND VEL er ein organisasjon for heile bygda, som har eit framifrå samarbeid med grunneigarane. Mange av tiltaka ovanfor er utvikla i samarbeid med dei, og somme er utvikla og finansisert i hovudsak av dette laget. Sjå menyen øvst.
GRENDALAGET SAMHALD er eit lag for heile bygda, med ansvar for grendahuset, og også for eigne arrangement der (eksempelvis 17. mai). Sjå menyen øvst.
GULLHAUGKONSERTANE er eit frivillig lag for alle interesserte. Dei arrangerer konsertar på og ved GULLHAUG, med både lokale og internasjonale artistar. Sjå menyen øvst, under FATLANDSKOGEN.
21.10.2025
SENIORTUN PÅ FATLAND?
Den nedste og flate delen av bustadfeltet kan eigna seg glimrande til eit seniortun. Behovet for slike tun aukar for kvart år, og Fatland har fleire fordelar enn ein kanskje i utgangspunktet skulle tru.
Det er viktig å vera merksam på at seniortunet skal i så fall omfatta berre ein del av feltet, slik at ikkje Fatland blir ei rein seniorbygd. Det må vera eit fleirgenerasjonsfelt, der det er spesielt godt lagt til rette for seniorar og småbarnsfamiliar. 
Hugs at desse to gruppene har behov for nett same typen bustader, nemleg universelle bustader utan trapper.
Klikk på knappen for å lesa meir.
07.02.2024

Heile seniordelen av feltet ligg med maks éin meter høgdeforskjell. I same høgd som hovudvegen, busskuret, og fellesområdet som du ser på bildet. Seniorfeltet vil liggja dels i bakkant av fellesområdet, men for det meste til høgre, utanfor bildet. Dette bildet er eit par år gammalt, frå før STRONDABU var på plass.

REGULERINGSPLANEN
Oversiktskartet over viser FATLAND BUSTADFELT. Sjølve reguleringsplanen, saman med kart og andre dokument, kan du sjå på kommunen sine heimesider her. Leit opp plan nummer 20110002.
Reguleringsføresegnene kan du lesa her.
Desse områda inngår i bnr 85 (rundt 45 dekar), altså det feltet som kan seljast fritt:
T1 - Tenesteyting, som handel, kontor eller småindustri.
f_L1 og f_L2 - Leikeområde og fellesområde
f_F1 - Friluftsareal, evt med ballplass o.l.
fG1 og fP1 - Grøntstruktur + felles parkering (ved krysset mot hovudvegen)
C2 - C7 - Bustader, konsentrerte småhus (= einebustader og rekkehus)
B2 - Bustader, frittliggjande småhus (= einebustader og tomannsbustader)
Basert på føresegnene i dagens reguleringsplan kan det byggjast inntil ca 40 bueiningar til saman i B- og C-områda, dersom ein satsar stort sett på tomannsbustader/rekkehus. Desse kan vera i to etasjar, pluss kjellar eller loft der terrenget tilseier det.
07.02.2024

Back to Top