Ei eventyrbygd må sjølvsagt ha diverse eventyraktige arenaer som høver for eventyrlege hendingar. Eller events, som det gjerne heiter i dag.
Og slike arenaer har me fleire av på Fatland, me kan nemna stranda, GULLHAUG, dei trolske skogstiane i FATLANDSKOGEN, grendahuset, Fatlandsvatnet, hagane, og fleire andre som du oppdagar når du kjem hit.
EVENTYRLEGE OPPVEKSTTILHØVE
For oss som er litt tilårskomne er det fantastisk å tenkja tilbake på åra då me voks opp på Fatland. Den tida ville nok ingen av oss vore forutan. Ingen trong leggja til rette for oss, det gjorde me sjølve, ute i den makelause naturen. Som var så stor at me følte nesten at heile verda var her på Fatland.
Det å leika indianar og cowboy var noko av det aller kjekkaste, iallfall for gutane. Då laga me oss både høvelege leirar, og høvelege våpen til å ta tabben på fienden med. Oftast var det jo pil og boge, for indianarane sin del. Og for ein cowboy var det naturlegvis perfekt dersom han hadde fått knallpistol til jul.
Blir me nokon gong for store til å leika indianar og cowboy? Ikkje her på Fatland. Nedanfor kan du sjå eit par døme på at me også i seinare år har gjenoppfriska denne leiken, rundt om i dei same omgivnadene som den gongen, men over femti år seinare.
COWBOYPARTY
I august 2009, i ein hage på Fatland, vart det laga til eit skikkeleg cowboyparty, med vel femti inviterte gjester. Det var ikkje noko tilfeldig opplegg, arbeidet med scene, som skulle vera ei gate frå ein cowboylandsby, starta fleire dagar i førevegen. Og alt skulle sjå så ekte ut som råd.
Me viser ikkje bilde frå sjølve festen, berre nokre få som viser førebuingane. Men ein eventyrleg kveld vart det for alle saman.
Eigentleg var dette noko me gjorde som eit prosjekt i ein konkurranse som Coop lyste ut gjennom sine butikkar på landsbasis. Det galdt å laga den beste festen, og å dokumentera det. Coop stilte opp med grilldamer.
Me laga eit album over opplegget, sende inn, og vart nummer to i heile landet!
INDIANARFEST
I mai 2009 hadde me ein indianarfest, som starta i ein hage, men som enda oppe på Gullhaug. Høvet var eigentleg ein femtiåring som me ville overraska. At han faktisk vart skikkeleg overraska, er definitivt inga overdriving.
Det vart lagt ned mykje arbeid i lang tid på førehand med å spesiallaga kostymer og anna, og stuntet vart ein kjempesuksess, som femtiåringen og gjestene, som alle var indianarar, snakkar om enno.
Heller ikkje her viser me bilde frå sjølve festen, men det vart laga eit album som fortel det meste, og som indianarane fekk utlevert i etterkant.
LITT AV KVART
Her ser du nokre bilde som er henta frå ulike situasjonar, som ofte kan minna om eventyr. Iallfall dersom du strekkjer definisjonen av eventyr så langt du berre kan. Og let fantasien gjera resten.