FUNKSJONELLE BUSTADER
Bildet viser to seniorbustader under oppføring i 2011 i FATLAND BUSTADFELT. Desse har seinare vist seg å fungera framifrå for seniorar, heilt opp til nitti år.
Rett nok er det plass til eit loft oppå carporten, men dette er berre eit ekstra lager, som ikkje treng brukast som anna enn ein plass å stuva bort ting som ikkje er i bruk.
KVIFOR SENIORTUN PÅ LANDSBYGDA?
Jammen, seier du kanskje, er det ikkje slik at seniorane alltid flyttar inn til sentrum, dei vil ikkje vera på landsbygda når dei blir skrale til beins?
Vel, for ein del av dei er det slik at dei gjerne vil bu i sentrum. Men me veit at for veldig mange er det meir slik at dei flyttar ut av dei store gamle husa sine, som har trapper og store arbeidskrevjande hagar, fordi dei vil heller ha noko som er mindre og meir lettstelt, der alt er på eitt golv. 
Og desse nye leilighetene finst det ikkje så mange av ute på bygda, det er i sentrum dei dukkar opp, nærast som paddehattar. Der er utvalet mykje større, og difor hamnar seniorane lett der. 
Men me veit òg at mange av dei søkjer aktivitet også når dei blir pensjonistar. Somme ønskjer seg høve til å gå turar i skog og mark, rett utanfor stovedøra. Andre vil gjerne vera i lag med andre likesinna i aktivitetar der dei får vera litt kreative. Desse har gjerne meir lyst til å bu utanfor sentrum. I sentrum har seniorane ofte lett for å samlast på konditori, noko som er usunt både for kropp og sjel.
Men dei vil likevel gjerne ha det lettvint dei som søkjer til landsbygda òg. Ikkje langt frå sentrum, berre slik passeleg. Det må vera enkelt å handla varer, å besøkja venner og familie, og ikkje minst å gå til lege, tannlege, frisør, fysioterapeut, massør, you name it.
Fatland ligg ideelt til i så måte, berre 2 minutt frå Sydnes ferjekai, 10 minutt frå lokalsenteret Sæbøvik, 15 minutt frå regionsenteret Husnes. Det går ikkje så ofte buss, men seniorar driv utstrekt kompiskjøring med kvarandre. Og det kan lett setjast inn minibuss, til dømes ein dag eller to i veka, til handling og andre gjeremål.
Likevel, for at det skal vera interessant for seniorar å flytta til Fatland, må det vera mange nok som gjer det same. På den flate delen av FATLAND BUSTADFELT kan det lagast rundt 25 seniorbustader. Det er mange nok til at det kan bli eit heilt lite samfunn av og for seniorar. Pluss dei to generasjonane under.
ALT PÅ EITT GOLV
Dette er eit ufråvikeleg krav når det gjeld seniorbustader. Beinbrot og det som verre er kan vera alternativet.
FATLAND BUSTADFELT er regulert som eit felt med universell utforming, altså at det høver også for dei med som er fysisk funksjonshemma. 
Dette kravet gjeld ikkje berre innearealet, men også utearealet i den utstrekning det er råd å ta slike omsyn.
EIT VENNETUN
Frå tid til anna kan ein lesa eller høyra om venner som planlegg pensjonisttilveret og alderdommen, og som gjerne vil flytta til det dei kallar eit "vennetun". Dei er kanskje to-tre par som alltid har gjort noko i lag, det vere seg reiser, hobbyar, grillkveldar, strikkedagar, eller anna.
Det dei faktisk etterlyser er eit slikt landleg seniortun, der dei framleis kan halda saman, bu nærare kvarandre, og halda fram med same aktivitetane som før. Etter kvart som nokre av dei blir skrøpelegare, blir dei tekne hand om av dei andre i venneflokken.
Dette vil redusera monaleg behovet for kommunale tenester, som heimehjelp, transport og anna. Seniorar er ein ressurs, og ingen ting er betre enn at friske seniorar hjelper dei som er mindre friske.
Faksimilen til venstre, frå magasinet 'Aftenposten Innsikt', fortel om tilstandar som me heldigvis ikkje er i nærleiken av her i Kvinnherad. Men det fortel også om den desperasjon som mange eldre kjenner på dersom dei ikkje er med ei eit fellesskap. Eit fellesskap der seniorar og eldre tek vare på kvarandre.
Slike kjensler hos seniorar og eldre finst nemleg også i Kvinnherad.

FELLESFUNKSJONAR
Skal det bli eit fullkomme fellesskap i eit seniortun, er det ikkje nok med fine tilpassa bustader. Det må òg vera andre bygg og installasjonar som legg til rette for at ein kan skapa og vedlikehalda eit større sosialt fellesskap.
Det er naturleg å tenkja seg eit servicebygg, på den felles samlingsplassen i feltet. Her skal det vera ein kombinert pub/kafé/minibutikk, der ein kan slå seg ned og prata, og der ein kan kjøpa dei mest nødvendige kiosk- og daglegvarer.
Det må dessutan finnast hobbyrom, trimrom, og andre rom der mange kan dela interessene sine med dei andre. Gjerne med plass til utstilling og sal av eigenproduserte varer. Eit samarbeid med FATLAND AKTIVITETSHUS må vurderast.
Det må òg i fellesbygget vera eit kombinert servicerom for helse/frisør/fotterapeut/fysioterapeut/massør, you name it. Velvære er viktig i alle aldersklassar, men kanskje spesielt når ein blir eldre.
Og eit eige rom for heimehjelpa. Som har sine saker på fast plass, der det er lettvint å trilla seg vidare mellom seniorbustadene.
Fram til no har feltet f_L1 vore tenkt på som stad for fellesbygg. Men kanskje er det betre å omdisponera barnehagetomta BHG1 til eit slikt føremål.
AKTIVITETAR
Som sagt ovanfor, så er det kanskje friluftsliv som er viktigaste grunnen for at mange seniorar ønskjer seg ein stad litt utanfor det travlaste sentrum. Og i så måte kan ikkje tilhøva liggja betre til rette enn på Fatland.
Under menypunktet FATLANDSKOGEN finn du eit eldorado av friluftsalternativ, bokstaveleg talt vegg i vegg med bustadfeltet. Her er alternativ for den sprekaste av dei spreke, og for rullestolbrukaren, og for alle variantar mellom desse. Ikkje berre kan dei bruka desse tilboda, dei kan òg få vera med å vidareutvikla dei.
Under menypunktet AKTIVITETSHUSET er det óg alternative aktivitetar for alle. Både dei energisk skapande, og for dei som ikkje orkar gjera noko som helst. Men som gjerne vil vera del av eit uforpliktande fellesskap.
Menypunktet VELFOREININGA er naturlegvis noko som angår alle, med sine tilbod om dugnad for dei som kjenner for å vera litt aktive. Eller å delta på julegrantenning, jonsokfeiring, grillkveld, og andre tilstellingar, for dei som berre er ute etter sosialt samkven med venner og kjende.
GRENDALAGET finn du også i menyen. Og AKTIVITETAR. 
Så det skulle vera nok å ta seg til på Fatland. Og finn du ikkje på noko anna å gjera, så tek du deg kanskje ein liten tur ned på kaien eller inn til Fatlandsvatnet og fiskar litt.
ER BEHOVET FOR EIT SENIORTUN DER?
I Kvinnherad har det dei seinaste åra vore mange nok familiebustader på marknaden, men behovet for seniorbustader har vore stort lenge.
I boka "Frå heim til heim" har Kristian Hus intervjua personar som på mange måtar har eit forhold til eldre og eldreomsorg. Dei skildrar behovet for eit eigna bumiljø som enormt.
Dessutan har fleire og fleire av fagpersonane i kommunen komme til den konklusjonen at kommunen vil ikkje makta jobben med eldreomsorg, institusjonsplassar og pleie åleine i framtida, dei treng hjelp frå private.
Ingen ting er difor meir naturleg enn at funksjonsfriske seniorar gjer "dugnad", ved å bidra til det sosiale fellesskapet. Det kan eit seniortun leggja maksimalt til rette for.
Back to Top