Stemning: Hagane
Store delar av bygda består av jord med såkalla 'super bonitet'. Dette vil seia at dei aller fleste krevjande plantar trivest godt, noko som gir framifrå tilhøve for å ha hage som hobby. Førebels er dei aller fleste bilda frå ein og same hagen, men dette skal me fiksa litt etter kvart som me får tak i fleire aktuelle bilde.