
Litt av Fatland, sett frå Gullhaug. Sydnessundet skil oss frå Fjelbergøyane. Til høgre ser du Fjelbergøy, og i midten bakom ligg Borgundøy, med den majestetiske Borgundnuten på 466 meter.
At det er verdas beste plass å bu er sikkert noko alle seier om si bygd. Men at det i denne vesle bygda, med mindre enn 100 fastbuande, finst så mange tilflyttarar frå mange kantar, tyder på at det er lett å finna seg til rette her.
Dessutan er det svært mange hytter spreidde rundt i heile bygda, også desse med folk frå ein større region. Om sommaren er det gjerne eit yrande liv, med fastbuande og hyttefolk i skjønn foreining.
Tomter for både hus og hytter ligg klare og ventar på deg. Er du i byggebransjen, kan du til og med få kjøpa eit komplett byggeklart bustadfelt. Eller ein del av feltet kanskje. Noko å tenkja på, no når etterspurnaden etter bustader ser ut til å stiga.
Er Fatland eigentleg namnet på heile bygda? Vel, det kan diskuterast. For dette er kanskje einaste bygda i landet som ikkje har eit offisielt namn. Dette, og mykje anna kjekt, kan du lesa meir om ved å klikka deg gjennom menyen øvst i bildet.
Velkommen til Fatland, anten du kjem på besøk, eller for å slå deg til her for godt! Me skal ta imot deg på ein gjestfri måte!
SJÅ FATLAND FRÅ LUFTA
I 2018 vart det laga ein dronevideo om Fatlandsprosjektet, meir spesielt om Gullparken, som no er lagt på is, på grunn av særs spektakulær byråkratisk akrobatikk. Men filmen lever i beste velgåande, og den gir eit godt inntrykk av kor fint det er på Fatland. Har du problem med at filmen lastar seint, kan du først lasta han ned, ved å klikka på dei tre prikkane nede til høgre i videovinduet. Så opnar du den nedlasta fila i staden.
LENKER TIL ANNA STOFF OM FATLAND